Nominasjon til Liebster Blog Awards

Eg vart idag nominert til ein pris eg ikkje heilt veit kva står for. Liebster Blog Awards. Eg er ikkje verre på det enn at eg deltar, og takker Renate for nominasjonen. For å leggje litt ære til Renate, skriv eg denne artikkelen på nynorsk. (Eg gjekk jo i nynorsk-klasse på skulen, men av den grunn at eg ikkje liker å skrive skikkeleg nynorsk i artiklane mine, og dialekt ikkje passar seg for seriøse artiklar, har eg valgt å skrive bloggen min på bokmål. Eg tenkte då eg starta bloggen min, at dersom eg skriv artiklane mine på nynorsk, ville ein del av lesarane la være å lese bloggen, og difor begynte eg å skrive bokmål. Eg veit jo ikkje om dette er tilfelle, bare tanker eg gjorde meg.)

 

Men tilbake til nominasjonen. Det er visst nokre reglar som gjeld. Her er dei:

Her er reglane for nominasjonen:
1. Nemn bloggeren som tagga deg og takk han/ho for nominasjonen.
2. Svar på dei 11 spørsmåla som du blir stilt.
3. Nominer 11 nye bloggarar og tag dei.
4. Gje dei 11 spørsmål som dei kan svare på.
5. Gjer dei du har nominert merksame på nominasjonen.

 

1. Kva er favorittfylket ditt i Noreg?

Eg er så kjedelig at eg svarer Hordaland, eg. Eg trives svært godt her i Bergen.

 

2. Kva for ein eigenskap set du mest pris på ved andre mennesker?

Eg set pris på ærlegheit, og målbevissthet. (At dei veit kva dei ønsker i livet sitt.)

 

3. Kva eigenskap innehar du sjølv, som du er mest nøgd med?

Eg er svært fornøgd med vanen min å jobbe med personleg utvikling. (Dersom dette kan kalles for eigenskap.) Men eller så prøver eg å være ærleg og rettferdig.

 

4. Kor mange sysken har du, og kor gamle er dei?

Eg har 2 søstre. Ei eldre (40 år) og ei yngre. (34 år)

 

5. Har du eit barndomsminne frå ein (av dine eigne) bursdagar som du hugsar spesielt godt?

Eg kan hugse ein bursdagsfeiring, veit ikkje kor gamal eg var, men ein av barna (for eg var barn på den tiden) sparket låsen av ein dør i huset vårt. Det gjekk vilt for seg på den tida.

 

6. Visst du kunne velje fritt, kor skulle den neste ferien din vore?

Eg har ein draum om å gå på Liverpool-kamp. Det er vel eit ferieønske det også. Men dersom eg verkeleg ønsker å oppleve dette, er det jo bare å reise. Skal reise til London no i April på Tony Robbins seminar. Det kan jo både bli kjekt og slitsamt. Eg både gleder og gruer meg. Men det er noko eg bare måtte få med meg. Verdens beste innenfor personleg utvikling.

 

7. Kva årstid er du mest glad i?

Eg er mest glad i sommaren. For nokre år sidar dreiv eg på med spraymalig. (Sprayart. Eg har ein nettside for dette på internett: www.Starmine79.com)

 

8. Kva jobbar du med/ studerer du?

Eg jobbar på eit matvarelager. Coop sitt i Bergen.

 

9. Kva dialekt likar du best her til lands?

Eg liker godt dialektene dei har i Hardanger-distriktet. Synes generelt at nynorsk er fint. (Skulle ønske at eg hadde feire nynorskord i dialekten min.)

 

10. Er du ein som mest vel å “følgje straumen”, eller er du oppteken av å skilje deg ut?

Eg kan vel ikkje skryte på meg å være nokon A4 menneske nei. Jobbar best om natta, og har ein draum om å kunne bli selvstendig næringsdrivande ein gong i framtiden. Så eg er nok ein som skil meg litt ut, ja.

 

11. Kva er den beste boka du nokon gong har lese?

Eg har lese heile Bibelen, så eg må nok ta fram den. Eller så var den første boka eg leste om personleg utvikling “Rich Dad, Poor Dad”. Og den fekk også stor betydning for framtiden min. Eller så har eg ein liten bokanbefaling for mennesker som ønsker å starte med personleg utvikling, men ikkje liker å lese tjukke bøker: “Ikke spis Marshmallows, enda”. Det er også ein utruleg bra bok.

 

 

Desse bloggene nominerer eg til Liebster Blog Awards.

bostby.blogg.no

beinsync.blogg.no

beonite.blogg.no

merethejoha.blogg.no

tankenemine67.blogg.no

magemassasje.blogg.no

DaddaOgVeien.blogg.no

lopforfrihet.blogg.no

motivasjonsteamet.blogg.no/

lillasjel.blogg.no

fitcha.blogg.no

 

 

Her er mine spørsmål til dei eg nominerer:

1. Kva er målet ditt for livet?

2. Kva er ditt forhold til Gud?

3. Har du eit livs-motto? Og isåfall, kva er det?

4. Nevn dine tre største bragder.

5. Kva er den beste boka du har lese?

6. Kva er den beste filmen du har sett?

7. Kva er persen din i bowling?

8. Kva land har du vært i?

9. Kva jobbar du med / studerer du?

10. Kva hadde du gjort dersom du hadde vunnet 10 millioner kroner?

11. Kva er din favoritthobby?

 

Gleder meg til å lese svara dokkas! 🙂

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg